Høyring om patent, design, mm

Patent  er noko vi i Noreg ikkje har vore plaga så mykje med. Iallfall ikkje om ein ser på den offentlege debatten, men det seiast også at Noreg generelt sett har hatt få patentsøknader samanlikna med andre land. Nokre meiner at dette er eit problem, eg meiner at dette er ein god ting.

Rundt om i verda er for tida mykje snakk om patent (og design, sjølv om det er eit litt annleis, men relatert, spørsmål). For å forstå kvifor (at nokon har teke patent, og at nokon bryt det har ikkje noko med det å gjere), må ein sjå på bakgrunnen for patentering og korleis dette har utvikla seg til ein verkebyll – eg skreiv ein del om dette i Patent purpose lost.

30. september er det frist for uttalingar til eit høyringsnotat frå den norske regjeringa – “Høring –  styrking av lovgivningen om håndhevingen av industrielle rettigheter m.m.” Antydinga frå notatet er at det er få patent i Noreg fordi det har vore vanskeleg å handheve dei, det har rett og slett vore lite vits i å patentere noko. Vidare dreg dei den slutninga at for lite patentering tyder på for lite innovasjon, men sidan dette er motsetningar vert dette tullete argument å bruke.

I all hovudsak ser fakta ut til å vise at patent i all generellheit er dårleg nytt for innovasjon, og det er først og fremst på det punktet at eg har sendt inn mi uttaling til høyringa.

Eg er ingen ekspert på korkje politiske eller juridiske uttalingar, så eg er redd uttalinga mi kan verke noko flåsete. Eg står dog for det eg har skrive (og sendt inn), og du kan lese det her. Om du er einig, og det synest eg du bør vere, send inn ei uttaling du også! Saman er det kanskje mogleg å få regjeringa til å tenkje 2 gonger.

Mi uttaling til høyringsnotatet frå regjeringa

Kommentar til punkt 2, bakgrunnen:

———————————-

Allereie her viser notatet ein mangel på forståing for kva som driv innovasjon og økonomisk vekst i teknologiske innovasjonsbedrifter, og med det også ein mangel på forståing for kva som begrensar slik innovasjon.

Kort sagt vil eit auka/styrka behov for å validere idear og design føre til ein kraftig auke i innovasjonskostnadane i ein slik grad at ein vil miste dei minste aktørane frå marknaden. Dette er stikk motsett av det ein ynskjer, fordi dei minste er som oftast dei selskapa som er mest innovative og nytenkjande. Med ei styrking av regimet vil ein oppnå ei styrking av forretningsmessige oligarki, noko ein no ser gode eksempel på i USA, ref patentsøksmål Oracle vs Google, Apple vs Samsung og Lodsys vs Apple.

Notatet nemner at ein vil nærme seg EU, men JD har kanskje ikkje fått med seg at EU sjølv kan vere på veg mot ei svekking av eigne reglar på området. Den nylege dommen mot Samsung i saka Apple vs Samsung i ein tysk domstol har vist med all mogleg styrke at 1) domstolar lett tek feil når så ufatteleg mykje historisk informasjon eksisterar samstundes som dei er lette å gløyme på veg til rettsalen 2) at innovatørane i bransjen, det vil sei dei små aktørane, faktisk er i mot eit slikt system.

Mange kommentatorar i bransjen reknar også med at USA kan kome til å bevege seg mot ei svekking, delvis pga av dei store sakene, delvis fordi økonomar byrjar å sjå at kunnskapspatentar svekker innovasjon, og på ingen måte styrkar økonomien i fellesskapet.

Relevante referansar:

* The Economist – Intellectual property

* Ars Technica – Are software patents the scaffolding of the tech industry?

 

Kommentar til punkt 3, Generelle vurderinger:

———————————————

Regjeringa ynskjer å leggje til rette for nyskapande og kunnskapsbasert næringsliv, men viser med dette notatet at dei manglar full oversikt over dei faktiske premissane som må til for at slikt skal lykkast.

 

Kommentar til resterande punkt i notatet, og notatet i si heilheit:

——————————————————————-

Notatet refererer ofte til potensielle lovbrytarar, det vil sei dei som utnyttar kunnskap og teknologi som dei ikkje har retten til, for å på det viset ha urettmessige inntekter. Om ein ser internasjonalt på dei sakene som finnast, så er det først og fremst mellom lovlydige selskap som begge har utvikla teknologi basert på openberre idear, men der eine eller beggje selskapa har skaffa seg rettar basert på denne ideen.

I innovasjonsbedrifter er det som oftast ein slik overflod av idear at det er praktisk umogleg at ein bedrift får ein idé som ingen andre har hatt samstundes eller tidlegare.

Norsk lov er relativt restriktiv på kva som er lov å patentere, og dette er bra. Ein idé i seg sjølv er ikkje nok, og notatet ser ikkje ut til å endre dette unødig. Det er likevel problematisk at ein ynskjer å styrkje retten til retthaverane uten å vidare styrkje behove for bevisføring før ein rett vert godkjend av patentkontoret, og utan at mindre aktørar lettare kan registrere sine rettar. Sidan dette frå eit praktisk synspunkt er sjølvmotseiande, er det meir sannsynleg at ein med redusert byråkrati rundt patent faktisk kan oppnå høgare utgiftsmessig gevinst både på offentleg og privat side.

Kommentarane til punkt 2 og 3 viser at departementet ikkje har kontroll på korleis dei skal oppnå dei overordna måla sine innan innovasjon, og at dei bevegar seg mot noko som minst like sannsynleg vil føre til motsett virknad, dvs mindre innovasjon. Noreg treng meir innovasjon, men då er det viktig at regjeringa forstår dei mekanismane som kan påverke dette.

Styrkinga av lovene som vist i dei seinare punkta av notatet er tilsynelatande fornuftige, men dersom ein reknar inn at tidlegare “svake” lover faktisk har gjort Noreg så fullt av innoverande bedrifter som det faktisk er, så er departementet mykje sannsynleg på villspor.

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *