eLeselyst

Som ung leste eg svært mange bøker. Hadde eg tid til å site, hadde eg tid til å lese, og eg hadde som regel ei bok tilgjengeleg. Etter som eg vart vaksen, fekk barn, jobb og ei interesse for open kjeldekode, leste eg stendig færre bøker.

Så, i januar 2010 bestilte eg meg ein Amazon Kindle. Eg hadde fått med meg at den var populær over dammen, versjon 2, den internasjonale, var akkurat komen, og eg hadde uansett ein tendens til å lese mest engelske bøker. Det tok kanskje ein halv time frå eg fekk den til at eg var overbevist om at papirbøker for min del var på veg ut. I løpet av dei 15 månadane som har gått, har eg lest fleire bøker enn på mange år, kjøpt endå fleire (Kindle-bøker er billege!), kjøpt Kindle versjon 3, installert Kindle reader på telefonen min og så bortetter.

Vel, teoretisk sett kunne eg ha tenkt meg å lese ei eller anna norsk bok på Kindle’en min også, men dette er fånyttes. Kort sagt: Norsk bokbransje trur ikkje på ebøker (!).

Sagt på ein litt lengre måte er biletet meir komplisert, men fortsatt heilt ufatteleg hjernedaudt. I lange tider fanst det rett og slett ikkje norske ebøker, utanom kanskje ei og anna her og der. Fleire trasige grunnar låg bak denne situasjonen:

  • Forlag og bokhandlarar i Noreg heng saman som erteris, og tener gjennom dette masse pengar, medan Amazon sel ebøker for ein slikk og ingenting1. Her må det trenerast inntil ein kan finne ein måte å mjelke ebøkene!
  • Regjeringa sit på gjerdet fram til 2010, men finn då brått ut at ebøker skal det betalast moms på, i motsetning til papirbøker. Når då forlaga omtrent samstundes finn ut at ebøker bør koste det samme som papirbøker, vert ebøkene 25% dyrare enn papirbøker!
  • Norske forfattarar har fått med seg at musikkbransjen (iallfall dei store plateselskapa) tener mindre enn før, tilsynelatande på grunn av piratverksemd med digital musikk. Vel, det må jo bety at digitale bøker også vil verte stjålne på same viset. Best å berre unngå dei!
  • Bøker for Amazon Kindle er belemra med DRM (Digital Rights Management), noko som betyr at du ikkje kan flytte Kindlebøkene over til ein eboklesar som ikkje er Amazon sin, iallfall ikkje utan å bryte ein avtale eller to. Norske forlag finn ut at dei er idealistiske, og går ikkje med på at bøkene deira skal seljast med slik DRM. Vel, dette kan faktisk høyrest fornuftig ut, men la oss sjå litt nærare på det etterpå.
  • I den seinare tid har fleire norske ebøker kome i salg, men dei er visst ikkje særleg lette å få kjøpt, noko mellom anna Paul Chaffey har dokumentert.
  • Så har du det faktum at bokbransjen ikkje trur på ebøker.

Dessverre held ikkje eit einaste av argumenta over mål. La oss gå dei nærmare etter saumane.

  • Punkt 1 er trist, men slik er det. Noreg er eit lite land, med for få kundar som bryr seg nok til å kunne presse forlaga.
  • Momsen er heilt håplaus – her har regjeringa vore eit verkty for bransjen. Dersom ebøker skal ha moms, så er det på tide at vanlege bøker får det også.
  • I tillegg er latterleg at ei ebok kostar like mykje som ei papirbok – kostprisen er ikkje den same akkurat.
  • Norske forfattarar har visst ikkje fått med seg at papirbøker kan piratkopierast på same vis som digitale bøker – det er nok at ein person skannar boka, og vips er den digital, og no fullstendig utan moglegheit for bokbransjen å tene pengar på den. Enkelte forfattarar, vi nevner Anne B. Ragde i fleng, har i tillegg eit litt interessant syn på piratkopiering. Ho er i mot digitalisering av hennar bøker grunna piratfrykt, men når journalisten påpeikar at ho har ei falsk merkeveske seier ho “Men dei er jo så kunstig dyre!”.
  • Det er ikkje mykje vits i å vere i mot Amazon sin DRM, når norske ebøker no vert seld med Adobe sin DRM. Dette formatet er bortimot umogleg å lese på eboklesarar, og eit prakk å få installert (som alt frå Adobe) <sub>2</sub> . Med tanke på Noreg sin kamp mot Apple sin DRM for musikk via iTunes, så verkar det litt besynderleg at norsk bokbransje får lov til å halde på på same viset.
  • At ebøker er vanskelege å kjøpe er naturleg dersom bokbransjen ikkje vil at du skal gjere det, men dette vil nok endre seg raskt nok – forlaga og bokhandlarane må berre skjøne det Amazon har visst i mange år.

Så til det kanskje mest latterlege argumentet, som Cappelen Damm-sjef Tom Harald Jenssen seier det til Dagens Næringsliv:

– e-boka blir ingen suksess i den versjonen den eksisterer i dag.

I USA er e-boka allereie ein enorm suksess, og det er mange grunnar til dette. Papirbøker luktar kanskje godt, men når historia er god er ikkje det noko du tenkjer på. Med Amazon sin Kindle har eg eit utal bøker tilgjengeleg uansett kvar eg er, eg kan lese på ei, bytte til ei anna bok, bytte til eit magasin eg abonnerar på og som vert levert automatisk og trådlaust, lese det, bytte tilbake til den originale boka osb – alt utan ein gong å vurdere å bruke den andre handa. Og ja, eg kan også endre fontstorleik om eg vil. Vekta på ein Kindle er omlag det same som ei pocketbok som ein vanskeleg kan bla i utan å bruke to hender, og der ein må ta til takke med fontstorleiken som den er. I tillegg har Kindle (og dei fleste andre e-lesarar) ein heil haug med andre funksjonar, slik som innebygd ordliste.

Sidan eg har ein heil haug med heilt vanlege, gamaldagse bøker liggande som eg ikkje har lest, så hender det eg også les i desse. Men dessverre, det kan ikkje samanlignast. Papirboka er alltid tyngre om den er innbunda, og kun like lett når den er ei tynn pocketbok. Papirboka hugsar ikkje kor langt eg har kome, eg kan ikkje søkje i den etter ein gitt passasje, eg kan ikkje peike på eit ord og få opp tydinga, eg kan ikkje trykkje på ein tast og brått halde oppfylgjaren som står nevnt bakerst i handa. Når eg er på ferie no sparar eg sannsynlegvis eit par-tre kg i bagasjen sidan eg berre treng ein Kindle – ein Kindle der eg likevel har med meg fleire titals bøker.

e-boka vert ingen suksess i Noreg så lenge bokbransjen går inn for at den ikkje skal verte det.

Fotnotar

1: Opprinneleg stilte Amazon ein del krav for Kindle-bøker, som gjorde at bestselgarane var særs billege, 9 dollar og 99 cent. Etter at Kindle fekk konkurranse, har dette dog endra seg, og forlaga forhandlar no om utsalgsprisane.

2: Både Amazon sitt format, og bøker med Adobe sin DRM skal vere mogleg å konvertere til meir portable format om ein går inn for det. (Dette er ikkje lov i fylgje avtalane du har sagt ja til når du installerte/kjøpte dei relevante dingsane/programma, men det er neppe noko du kan dømmast for i Noreg, ref. det offentlege Noreg si motvilje mot Apple DRM.)

Restart

Norsk

For nokre år tilbake (omlag 2006-2008) blogga eg relativt ofte (annakvar veke i snitt), i all hovudsak om programmering, og då om programmeringsspråket D. Etterkvart dabba skrivinga av, og stoppa til slutt heilt. Delvis fordi eg ikkje ville skrive så mykje meir om D, og delvis fordi tenesteleverandøren for bloggen sugde.

Etterkvart har eg likevel kjent på at der er mange emne som treng å skrivast om, og på seinhausten i fjor bestemte eg meg meir eller mindre for å fornye bloggen. Det har dog tatt si tid, men det vert no.

Av forskjellige grunnar kjem korkje programmering eller D til å vere noko hovudfokus når eg no tek til den virtuelle pennen att. Kanskje det er eit resultat av at eg har vorte meir vaksen (eller eldre iallfall), eller meir samfunnsengasjert eller noko slikt. Iallfall tenkjer eg at eg vil skrive meir om ting som angår mange fleire/dei aller fleste. Det vil seie politikk, økonomi, energi og så bortetter.

Eg kjem sannsynlegvis også til å skrive om ting som er relativt uinteressant for dei aller fleste …

Nokre av artiklane kjem eg til å skrive på norsk, nokre på engelsk. Valet kjem eg til å gjere basert på det eg skriv om og kor relevant eg trur teksten er utanfor Noreg.

Det er forøvrig interessant å sjå kor ivrige vi er på å skrive om ting i det offentlege rom – same kor stort eller lite (rommet rundt dei fleste bloggar er relativt lite) det er. Slik eg ser det, finnast det 3 hovudvariantar av bloggartiklar:

  1. Artiklar for å endre eller skape meining hjå dei som les gjennom å belyse diverse emner.
  2. Nokre er skrivne for å hjelpe, ein slags “crowdsourcing” (finnast der eit godt norsk ord for det?).
  3. Den siste sorten er artiklar først og fremst skrivne av ekshibisjonistiske årsaker – vi vil fortelje om oss sjølve. Denne siste sorten vart fundert over i ei novelle eg las nyleg – om eit framtidsscenario der arkeologar leitte opp lagra bloggar, og prøvde å finne meining i dei.

Skiljet mellom 2 og 3 treng ikkje vere all verda, sjå til dømes på moteblogging eller bokomtalar.

Sjølv så ynskjer eg først og fremst å skrive om ting som hamnar i 1. kategori, sjølv om eg mistenkjer at det fort kan vere lettare å skrive om ting som hamnar i 2. og/eller 3. Denne artikkelen hamnar fullt og heilt i kategori 3 …

 

English

A few years ago (around 2006-2008), I blogged relatively often (every other week on average) about programming mainly, and then about the D programming language. For various reasons the writing slowed down, and then stopped.

As time passed, I’ve more and more felt an urge to write once more, and around November last year I decided to get started again. Several things needed to be done with both blog software and service provider, though, which is ready about now. I was sorta planning to write this post last saturday, when fellow blogger and co-author Aldacron suddenly made a post about him restarting his blog, giving me the feeling that he wrote what I had intended to write.

For various reasons, neither programming nor D will be the main focus of this blog going forward. I wonder if this is because I’m getting older; the result is anyway that I will write more about politics, economics, energy and so on.

Although I write this article in both Norwegian and English, for most articles I will make a choice depending on the topic.

Anyway, I find it interesting that we so willingly write publicly, even if the amount of readers could be close to non-existant. I’ve digressed a bit on the various types of blog posts, of which I think there are 3.

  1. Articles to affect the opinion of the reader, e.g. political argumentation
  2. Helpful information for others to find, more or less like distributed crowd sourcing.
  3. Exhibitionistic posts to tell about us self, information that for most people is totally irrelevant. I recently read a novella  where such articles were the focus – archeologists looked up blogs that had been stored in the past, trying to make sense of them, they often being rand musings without any context.

Categories 2 and 3 can quite often overlap, think of fashion or book reviews.

I’d like to write category 1 posts myself, and maybe 2, but suspect that I’ll end up with quite a few in the 3rd, not unlike this particular post …