Kvar vil folket i Noreg?

Det er no 10 dagar sidan terroråtaka i Oslo og på Utøya. I følge dagens framside på VG viser ei meiningsmåling at dei har hatt ei kraftig effekt [1]. Til trass for all praten om kjærleik, debatt, demokrati og openheit, kan det sjå ut som om folk flest vil noko anna. Oppsummeringa sa:

  • Meir overvakning
  • Strengare straffer
  • Sikre bygninger

Det siste punktet er ikkje nemneverdig sjokkerande eller problematisk. Dei to første er derimot særs problematiske for Noreg. Noreg har ikkje vorte eit av dei tryggaste landa i verda, med dei lågaste drap- og valdstala, fordi straffene har vore låge. Kanskje tvert i mot; fengsel er kjende for å vere ein god skule for kriminelle.

Poenget med strengare straffer er å gi potensielle forbrytarar ein god grunn til å tenkje seg om. Dette fungerer naturleg nok dersom ein går frå null straff til noko straff, medan effekten utover det er langt frå like sikker. Grunnen til at dette kjem opp no, er sjølvsagt den absurd uhyrlege handlinga til Breivik. Problemet då vert at for å kunne gjere noko slikt i utgangspunktet, må ein allereie ha frigjort seg frå ei rekkje moralske, psykiske sperrer. Ei av desse sperrene som Breivik etter eige utsegn ikkje lenger har, er redsla for å døy, og særleg er han ikkje redd for å døy for saka. Kva hjelp det å auke maksimumsstraffa frå 21 til 40 års fengsel, eller kanskje til og med til dødsstraff, når vedkommande likevel er klar for døden? Når vi ynskjer slike ting, så er nok grunnen mykje heller hemn enn at ein trur at det hjelp.

Vidare er overvakning noko vi generelt sett har reagert sterkt i mot her, med utallige skandaler opp gjennom åra. Ein må sjølvsagt definere kva ein meiner med overvakning sidan å lese offentlege forum kan kallast overvakning. I denne samanhengen snakkar vi dog mest sannsynleg om hemmeleg overvakning av det private rom; telefon, epost og andre private kommunikasjonsformer.

Noreg har dessverre allereie tatt eit langt steg mot meir overvakning gjennom datalagringsdirektivet, men sidan det fort vert omkamp om dette i EU grunna manglande støtte i grunnlovene, kan ein alltids håpe på det samme her. Dessverre såg ikkje folk flest i Noreg til å bry seg om problema med DLD, så det at dei ynskjer meir overvakning for å unngå terror er kanskje heller ikkje så overraskande.

No er det slik at det har funnest, og fortsatt eksisterer, regime der strenge straffer og mykje overvakning er eller var ein viktig del. Saman med verkemiddelet sensur, kan vi nemne brukarar i fleng; Sovjet, Aust-Tyskland, Iran og så bortetter. Graden av straff og overvakning gir oss vidare ein grad av totalitarisme i landet. Dess meir av dette, dess meir totalitært er landet. Og kven er det som styrer i slike land? Ekstremistane. Høgreekstreme, venstreekstreme, religionsfanatikarar med fleire.

Dess meir ein vil ha av straff og overvakning (og særskilt om ein vil ha meir sensur), dess meir nærmar ein seg det ekstremistiske som dette visstnok skal hjelpe mot.

[1] Artikkelen ser ikkje ut til å ligge på nett.