Norsk
For nokre år tilbake (omlag 2006-2008) blogga eg relativt ofte (annakvar veke i snitt), i all hovudsak om programmering, og då om programmeringsspråket D. Etterkvart dabba skrivinga av, og stoppa til slutt heilt. Delvis fordi eg ikkje ville skrive så mykje meir om D, og delvis fordi tenesteleverandøren for bloggen sugde.
Etterkvart har eg likevel kjent på at der er mange emne som treng å skrivast om, og på seinhausten i fjor bestemte eg meg meir eller mindre for å fornye bloggen. Det har dog tatt si tid, men det vert no.
Av forskjellige grunnar kjem korkje programmering eller D til å vere noko hovudfokus når eg no tek til den virtuelle pennen att. Kanskje det er eit resultat av at eg har vorte meir vaksen (eller eldre iallfall), eller meir samfunnsengasjert eller noko slikt. Iallfall tenkjer eg at eg vil skrive meir om ting som angår mange fleire/dei aller fleste. Det vil seie politikk, økonomi, energi og så bortetter.
Eg kjem sannsynlegvis også til å skrive om ting som er relativt uinteressant for dei aller fleste …
Nokre av artiklane kjem eg til å skrive på norsk, nokre på engelsk. Valet kjem eg til å gjere basert på det eg skriv om og kor relevant eg trur teksten er utanfor Noreg.
Det er forøvrig interessant å sjå kor ivrige vi er på å skrive om ting i det offentlege rom – same kor stort eller lite (rommet rundt dei fleste bloggar er relativt lite) det er. Slik eg ser det, finnast det 3 hovudvariantar av bloggartiklar:
- Artiklar for å endre eller skape meining hjå dei som les gjennom å belyse diverse emner.
- Nokre er skrivne for å hjelpe, ein slags “crowdsourcing” (finnast der eit godt norsk ord for det?).
- Den siste sorten er artiklar først og fremst skrivne av ekshibisjonistiske årsaker – vi vil fortelje om oss sjølve. Denne siste sorten vart fundert over i ei novelle eg las nyleg – om eit framtidsscenario der arkeologar leitte opp lagra bloggar, og prøvde å finne meining i dei.
Skiljet mellom 2 og 3 treng ikkje vere all verda, sjå til dømes på moteblogging eller bokomtalar.
Sjølv så ynskjer eg først og fremst å skrive om ting som hamnar i 1. kategori, sjølv om eg mistenkjer at det fort kan vere lettare å skrive om ting som hamnar i 2. og/eller 3. Denne artikkelen hamnar fullt og heilt i kategori 3 …
English
A few years ago (around 2006-2008), I blogged relatively often (every other week on average) about programming mainly, and then about the D programming language. For various reasons the writing slowed down, and then stopped.
As time passed, I’ve more and more felt an urge to write once more, and around November last year I decided to get started again. Several things needed to be done with both blog software and service provider, though, which is ready about now. I was sorta planning to write this post last saturday, when fellow blogger and co-author Aldacron suddenly made a post about him restarting his blog, giving me the feeling that he wrote what I had intended to write.
For various reasons, neither programming nor D will be the main focus of this blog going forward. I wonder if this is because I’m getting older; the result is anyway that I will write more about politics, economics, energy and so on.
Although I write this article in both Norwegian and English, for most articles I will make a choice depending on the topic.
Anyway, I find it interesting that we so willingly write publicly, even if the amount of readers could be close to non-existant. I’ve digressed a bit on the various types of blog posts, of which I think there are 3.
- Articles to affect the opinion of the reader, e.g. political argumentation
- Helpful information for others to find, more or less like distributed crowd sourcing.
- Exhibitionistic posts to tell about us self, information that for most people is totally irrelevant. I recently read a novella where such articles were the focus – archeologists looked up blogs that had been stored in the past, trying to make sense of them, they often being rand musings without any context.
Categories 2 and 3 can quite often overlap, think of fashion or book reviews.
I’d like to write category 1 posts myself, and maybe 2, but suspect that I’ll end up with quite a few in the 3rd, not unlike this particular post …