eLeselyst

Som ung leste eg svært mange bøker. Hadde eg tid til å site, hadde eg tid til å lese, og eg hadde som regel ei bok tilgjengeleg. Etter som eg vart vaksen, fekk barn, jobb og ei interesse for open kjeldekode, leste eg stendig færre bøker.

Så, i januar 2010 bestilte eg meg ein Amazon Kindle. Eg hadde fått med meg at den var populær over dammen, versjon 2, den internasjonale, var akkurat komen, og eg hadde uansett ein tendens til å lese mest engelske bøker. Det tok kanskje ein halv time frå eg fekk den til at eg var overbevist om at papirbøker for min del var på veg ut. I løpet av dei 15 månadane som har gått, har eg lest fleire bøker enn på mange år, kjøpt endå fleire (Kindle-bøker er billege!), kjøpt Kindle versjon 3, installert Kindle reader på telefonen min og så bortetter.

Vel, teoretisk sett kunne eg ha tenkt meg å lese ei eller anna norsk bok på Kindle’en min også, men dette er fånyttes. Kort sagt: Norsk bokbransje trur ikkje på ebøker (!).

Sagt på ein litt lengre måte er biletet meir komplisert, men fortsatt heilt ufatteleg hjernedaudt. I lange tider fanst det rett og slett ikkje norske ebøker, utanom kanskje ei og anna her og der. Fleire trasige grunnar låg bak denne situasjonen:

  • Forlag og bokhandlarar i Noreg heng saman som erteris, og tener gjennom dette masse pengar, medan Amazon sel ebøker for ein slikk og ingenting1. Her må det trenerast inntil ein kan finne ein måte å mjelke ebøkene!
  • Regjeringa sit på gjerdet fram til 2010, men finn då brått ut at ebøker skal det betalast moms på, i motsetning til papirbøker. Når då forlaga omtrent samstundes finn ut at ebøker bør koste det samme som papirbøker, vert ebøkene 25% dyrare enn papirbøker!
  • Norske forfattarar har fått med seg at musikkbransjen (iallfall dei store plateselskapa) tener mindre enn før, tilsynelatande på grunn av piratverksemd med digital musikk. Vel, det må jo bety at digitale bøker også vil verte stjålne på same viset. Best å berre unngå dei!
  • Bøker for Amazon Kindle er belemra med DRM (Digital Rights Management), noko som betyr at du ikkje kan flytte Kindlebøkene over til ein eboklesar som ikkje er Amazon sin, iallfall ikkje utan å bryte ein avtale eller to. Norske forlag finn ut at dei er idealistiske, og går ikkje med på at bøkene deira skal seljast med slik DRM. Vel, dette kan faktisk høyrest fornuftig ut, men la oss sjå litt nærare på det etterpå.
  • I den seinare tid har fleire norske ebøker kome i salg, men dei er visst ikkje særleg lette å få kjøpt, noko mellom anna Paul Chaffey har dokumentert.
  • Så har du det faktum at bokbransjen ikkje trur på ebøker.

Dessverre held ikkje eit einaste av argumenta over mål. La oss gå dei nærmare etter saumane.

  • Punkt 1 er trist, men slik er det. Noreg er eit lite land, med for få kundar som bryr seg nok til å kunne presse forlaga.
  • Momsen er heilt håplaus – her har regjeringa vore eit verkty for bransjen. Dersom ebøker skal ha moms, så er det på tide at vanlege bøker får det også.
  • I tillegg er latterleg at ei ebok kostar like mykje som ei papirbok – kostprisen er ikkje den same akkurat.
  • Norske forfattarar har visst ikkje fått med seg at papirbøker kan piratkopierast på same vis som digitale bøker – det er nok at ein person skannar boka, og vips er den digital, og no fullstendig utan moglegheit for bokbransjen å tene pengar på den. Enkelte forfattarar, vi nevner Anne B. Ragde i fleng, har i tillegg eit litt interessant syn på piratkopiering. Ho er i mot digitalisering av hennar bøker grunna piratfrykt, men når journalisten påpeikar at ho har ei falsk merkeveske seier ho “Men dei er jo så kunstig dyre!”.
  • Det er ikkje mykje vits i å vere i mot Amazon sin DRM, når norske ebøker no vert seld med Adobe sin DRM. Dette formatet er bortimot umogleg å lese på eboklesarar, og eit prakk å få installert (som alt frå Adobe) <sub>2</sub> . Med tanke på Noreg sin kamp mot Apple sin DRM for musikk via iTunes, så verkar det litt besynderleg at norsk bokbransje får lov til å halde på på same viset.
  • At ebøker er vanskelege å kjøpe er naturleg dersom bokbransjen ikkje vil at du skal gjere det, men dette vil nok endre seg raskt nok – forlaga og bokhandlarane må berre skjøne det Amazon har visst i mange år.

Så til det kanskje mest latterlege argumentet, som Cappelen Damm-sjef Tom Harald Jenssen seier det til Dagens Næringsliv:

– e-boka blir ingen suksess i den versjonen den eksisterer i dag.

I USA er e-boka allereie ein enorm suksess, og det er mange grunnar til dette. Papirbøker luktar kanskje godt, men når historia er god er ikkje det noko du tenkjer på. Med Amazon sin Kindle har eg eit utal bøker tilgjengeleg uansett kvar eg er, eg kan lese på ei, bytte til ei anna bok, bytte til eit magasin eg abonnerar på og som vert levert automatisk og trådlaust, lese det, bytte tilbake til den originale boka osb – alt utan ein gong å vurdere å bruke den andre handa. Og ja, eg kan også endre fontstorleik om eg vil. Vekta på ein Kindle er omlag det same som ei pocketbok som ein vanskeleg kan bla i utan å bruke to hender, og der ein må ta til takke med fontstorleiken som den er. I tillegg har Kindle (og dei fleste andre e-lesarar) ein heil haug med andre funksjonar, slik som innebygd ordliste.

Sidan eg har ein heil haug med heilt vanlege, gamaldagse bøker liggande som eg ikkje har lest, så hender det eg også les i desse. Men dessverre, det kan ikkje samanlignast. Papirboka er alltid tyngre om den er innbunda, og kun like lett når den er ei tynn pocketbok. Papirboka hugsar ikkje kor langt eg har kome, eg kan ikkje søkje i den etter ein gitt passasje, eg kan ikkje peike på eit ord og få opp tydinga, eg kan ikkje trykkje på ein tast og brått halde oppfylgjaren som står nevnt bakerst i handa. Når eg er på ferie no sparar eg sannsynlegvis eit par-tre kg i bagasjen sidan eg berre treng ein Kindle – ein Kindle der eg likevel har med meg fleire titals bøker.

e-boka vert ingen suksess i Noreg så lenge bokbransjen går inn for at den ikkje skal verte det.

Fotnotar

1: Opprinneleg stilte Amazon ein del krav for Kindle-bøker, som gjorde at bestselgarane var særs billege, 9 dollar og 99 cent. Etter at Kindle fekk konkurranse, har dette dog endra seg, og forlaga forhandlar no om utsalgsprisane.

2: Både Amazon sitt format, og bøker med Adobe sin DRM skal vere mogleg å konvertere til meir portable format om ein går inn for det. (Dette er ikkje lov i fylgje avtalane du har sagt ja til når du installerte/kjøpte dei relevante dingsane/programma, men det er neppe noko du kan dømmast for i Noreg, ref. det offentlege Noreg si motvilje mot Apple DRM.)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *