Statens tilstand 2011

Første posten min om norsk politikk er ei oppsummering av tilstanden, slik eg ser den, i Noreg per april 2011. Emna omtala er få og valde utifrå kva eg tykkjer er mest viktig.

Eg vil likevel starte med å seie at generelt sett, er Noreg sannsynlegvis det beste landet i verda å leve i. Dette skulle berre mangle dog, vi har gjennom oljen fått heilt fantastiske forutsetningar for å gjere det bra, og det er i lys av dei at det likevel er ein heil del å kritisere i Noreg. Nokon som gjennom talent eller anna finn seg sjølv i front, bør gjere alt dei kan for å nytte fordelane til å halde seg i front. Såvidt eg kan sjå, går Noreg inn for at andre land (på sett og vis våre konkurrentar) raskast mogleg skal ta oss att, for så å gå forbi.

Personvernet

Med avstemminga i Stortinget 4. april, vert datalagringsdirektivet (DLD) innført i Noreg. Eg må sei at eg finn det forunderleg at dette direktivet i det heile kan innførast her gitt grunnlova vår – særskilt ser paragraf 102 ut til å blokkere det.

Når det er sagt, så er eg usikker på korvidt direktivet slik som det førebels er meint innført medfører reelle endringar hjå tenesteleverandørane – mange av dei lagrar allereie den omtala informasjonen, dog av heilt andre (faktureringsmessige) grunnar. Sidan dei samme leverandørane har uttala at dei helst vil unngå dette i framtida, men no vert forhindra grunna DLD, kan ein likevel konkludere med at personvernet i Noreg er inne i ei klårt nedadgåande kurve.

Ikkje ein gong FAD ser ut til å plagast for mykje med DLD.

Transparens

For oss som er borgarar i Noreg, men korkje er politikarar eller tilsette i regjeringskvartala, ser det for meg ut til at også transparensen i Noreg er minkande. Med dette meiner eg at vi veit stendig mindre om kva staten gjer eller seier på vegne av oss, og politikarane ser ut til å synest at denne trenden bør fortsetje.

Det mest openberre beviset på dette er den politiske omtalen av wikileaks. Eg studerer ikkje nøye kva alle sentrale politikarar seier, men like etter at Cablegate traff vifta, var der mykje som vart sagt offentleg, og eg trur ikkje at ein einaste ein i regjeringa støtta avsløringane til wikileaks. Opptil fleire, til dømes utanriksminister Støre, var derimot negative, og såg ut til å antyde at dei helst såg wikileaks stoppa.

Eg forstår nokon må ha gjort noko ulovleg for at desse dokumenta skulle kome seg ut, og at ein stat må kunne halde ting hemmeleg (iallfall ovanfor borgarar i andre land), men eg forventar faktisk at i det informasjon kjem ut, så bør eg som ein nordmann som stemmer når det er val kunne gå god for det som har vorte gjort bak scena. Til dømes, dersom Noreg som offisielt jobbar hardt for CO2-reduksjon (eg trur det når eg ser det), vert avslørt som ein stor samarbeidspartner for firma som utviklar kolkraftverk, så er det det politikarane bør konsentrere seg om å klare opp i, ikkje i korleis informasjonen kom ut.

Arbeidsstokken

Av temaa eg har tenkt å omtale her, så er dette det suverent viktigaste. Noreg har per i dag ei usannsynleg låg arbeidsløyse, langt unna den ein ser i våre naboland, og elles i Europa og USA. Dette talet fortel då heller ikkje heile sannheita. I Noreg er fleire hundretusen i normalt arbeidsfør alder rekna som uføre. Det er nok ikkje tvil om at mange av desse faktisk ikkje kan jobbe, men samstundes er det mykje som tyder på at svært mange kunne ha gjort ein god jobb, berre kanskje ikkje der dei er tilsette.

Dei fleste politikarane i Noreg er einige i at mengda uføre er eit problem, men det ser ut til å vere vanskeleg å peike ut gode grunnar til at det er så mange som det er. Utan gode, reelle grunnar, er faktisk ein systemfeil det mest sannsynlege. Mellom anna lønner det seg for mange å vere trygda!

OECD påpeikte i ein rapport at dersom ein la saman arbeidslause og uføre i Noreg, så kjem ein opp på same nivå som er arbeidslause i andre land, land der ein har langt færre uføre. Med andre ord – vi har ein systemfeil i Noreg som konverterar arbeidslause til uføre, og vi har totalt sett ikkje nevneverdig mykje å skryte av når det kjem til arbeidsstokken og/eller arbeidsmarknaden vår.